Heim

Seniorkonsert i Florø kyrkje!

5. april var Koriander invitert til å synge under Krokane sanitetslag sin seniorkonsert, noko vi sjølvsagt stilte opp på. Her framførte vi 5 songar i to avdelingar:

*Hjå deg

*Ei verd som er vår

*Hymn to freedom

*Fager kveldssol smiler

*What a wonderful world

Forutan oss var Rolf Endestad på plass og framførte tre av Jakob Sande sine dikt. Som alltid leverte han ei fjellstø og engasjerande framføring. Den lovande gruppa Eufora gleda alle med vakker song og musikk. Under oppvarminga oppdaga vi at både Koriander og Eufora hadde valt å framføre "What a wonderful world". Det var likevel to svært ulike versjonar publikum fekk høyre.

Gry Seim (mor til to av medlemmane i Eufora) opna konserten med nydeleg "vårlokk" på tverrfløyte. Vi fekk også høyre ho spele ein gamal irsk salme, Vivaldi og "Gje meg handa di ven". Sistnemde i lag med pianist og dottera på vokal.  Else Marie Seim las dikt og la ei flott ramme rundt arrangementet.

Vi vonar at dei frammøtte hadde ei like god oppleving som oss og vil takke sanitetslaget for invitasjonen. :-)

            Florø kyrkje