Om oss     Galleri     Repertoar     Lyd/video      Medlemmar     Styret      Noteutval      Lydfiler    Gjestebok

 

 

Meir info

 

  • Aktivitetsplan
  • Konsertar     
  • Presseoppslag
  • Årsmeldingar
  • Køyrereglar
  • Lenkjer
  • Bilete av Eikefjord

     

  • Øvingstider

    Koriander har øving måndagar 20-22

     

     

    på Allhuset vårt

    Vår engsjerte dirigent

    Brigt Samdal

     

       

       

       

       

       

       

       

      På plakaten:

      Musikalkonsert og dans!

      12. november inviterer Koriander alle til konsert med musikaltema. Vi har fått med oss tre dyktige musikarar som vi er veldig glade for.

      Etter konserten spelar ViTo opp til dans.

       

      Håpar DU kjem!

       


       

      • Årsmøte i Koriander
        måndag 31. januar heldt Koriander årsmøte på Allhuset.

        Les meir

      • Korseminar med Peter Bom

        21. - 23. januar hadde Koriander kurs med den kjende dirigenten Peter Bom.  Det vart ei helg med mykje aktivitet som koret ikkje var van med frå tidlegare korsamlingar. Det vart ei kjekk, lærerik og utfordrande helg for kormedlemmene.

        Les meir

      • MGP-stafett 15. januar
        I samband med at ein delfinale i MGP skal arrangerast i Florø, vart Koriander invitert til å delta på ein korstafett. Den skulle starte i Eikefjord og ende opp på Torget i Florø. Stafettpinnen var sjølvsagt ein mikrofon. Vi song oss utover mot Grov, der vi veksla med Brandsøykoret. På Torget song vi to nummer åleine, og deltok i eit fellesnummer med dei andre kora: "Voi Voi".

        Sjå bilete og Brandsøykoret si omtale her

           

      • Julekonsert i Eikefjord kyrkje 2010
        Laurdag 18. desember var det duka for den tradisjonelle julekonserten i Eikefjord. I år var det Koriander, Olaug Alvheim, Andreas Taklo og Brigt Samdal som stod for dei musikalske innslaga. I tillegg hadde vi mange born og unge som deltok med innslag. Kring 130 personar hadde funne vegen til kyrkja denne kvelden for å la julefreden senke seg

       

      • Kyrkjekonsert ED 2010

         

         

        Koriander ynskjer å takke musikarar, dirigent og publikum for å gjere konserten under årets eikefjorddagar til ei stor oppleving for oss!

        Les meir

       

      • Årsmøte i Koriander
        måndag 1. februar heldt Koriander årsmøte på Allhuset.

        Les meir

      • Søndagskafè i Steinhovden
        Søndag 31. januar var vi invitert til å synge på søndagskafè på Steinhovden skule. Det stilte vi sjølvsagt opp på. Vi framførte 5 songar denne ettermiddagen. Elles koste alle seg med kaker, kaffi og åresal. Nokre fekk med seg flotte premiar heim att.

        Les meir

         

         

       

       

       

      • Utleige av karaokeanlegg

       

      Koriander har karaokemaskin og eit variert utval av songar. For leige av karaokeutstyret kontakt Audun Solheim på tlf: 99 04 60 52 eller E-post: ausol23@online.no

       

       

      • Treng du kor til opptreden?

       

      Vi kan hjelpe til med underhaldning til ulike arrangement. Kontakt leiar Audun Solheim eller dirigent Brigt Samdal for avtale. 

       

      Copyright ® 2009 koriander.be                                                                                                                     Webansvarleg: Mona Ødegård Standal

      KORIANDER

      -eit krydder i kvardagen