Koriander

Køyrereglar

 

Koriander skal vere som namnet tilseier, eit krydder i kvardag og fest. Ope for alle som vil dele songglede og sosial samhug med kvarandre, og som dessutan kan tenkje seg å utvikle si musikalske nådegåve.

 

1.     Styret lagar i samarbeid med dirigent(ar) framlegg til ramme- og aktivitetsplanar. Årsmøtet vedtek desse med simpelt fleirtal. Kvart halvår arrangerar styret eit evalueringsmøte der koret sin musikalske aktivitet vert drøfta.

2.     Koriander er eit blandakor, der alle med vidsyn, toleranse og glimt i auge kan delta.

3.     Nye medlemmar vert tekne inn etter behov og etter avklaring med styre/dirigent. Når medlemmar sluttar, pliktar dei å levere attende alle effektar dei har fått av koret.

4.     Koret er partipolitisk nøytralt og uavhengig av livssyn.

5.     Skrivar fører møteprotokoll. Medlemmar som ønskjer permisjon eller som ønskjer å slutte, skal melde frå om dette til styret.

6.     Øvingane: Alle kormedlemmene må følgje godt med og ikkje småprate med sidekoristen i utrengsmål. Dirigenten har diktatorisk makt!

7.     Arrangement: Alle må gjere sitt ytterste for å delta på dei arrangementa koret etter aktivitetsplan eller ved førespurnad har sagt ja til.

8.     Årsmøte er koret sitt øvste organ. Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av januar(helst veke 2). Stemmerett har berre kormedlemmar. Saker som medlemmane ønskjer at årsmøtet skal handsame, må vere styret i hende seinast to(2) veker før årsmøte. Kunngjering av årsmøte skal leggjast ut på koret si heimeside fire(4) veker før årsmøtet.

 

Dagsorden for årsmøtet

·       Opning

·       Godkjenning av innkalling og dagsorden

·       Val av møteleiar

·   Val av personar til å skrive under møteprotokollen       

·       Framlegging av årsmelding og rekneskap – budsjett

·       Handsaming av årsmøtesaker

·       Fastsetting av kontingent

·       Val (styre, leiar, revisorar, noteutval, stemmekontakt, valnemnd, blåturkomite)

 

 Endring av statuttar må ha 2/3 fleirtal. Andre saker vert avgjorde med simpelt fleirtal, dvs. meir enn 50 % av røystene(blanke røyster vert ikkje medrekna). Ekstraordinært årsmøte vert halde dersom styret eller minst 50% av medlemmane krev det. Innkalling til ekstraordinært årsmøte skal kunngjerast 14 dagar før. Ekstraordinært årsmøte kan berre handsame den/dei sakene som det er kravd årsmøte for.

 

9.     Styret  skal vere samansett slik:

 

·       Leiar

·       Kasserar

·       Skrivar

·       Materialforvaltar

·       1 styremedlem

 

·       Styret vert valt for to år om gongen. Leiar, kasserar og styremedlemmet er på val det eine året, Skrivar og materialforvaltar det andre året. Årsmøte vel leiar og styret konstituerar seg sjølv.

·       Noteutvalet består av ein representant frå kvar av stemmene(stemmekontakten), dirigent, leiar, skrivar og materialforvaltar. Utvalet si oppgåve er å gjere framlegg om repertoar. Det vert valt to nye medlemmar til noteutvalet kvart år. Representantar for dei ulike stemmene(stemmekontakt) til noteutvalet, vert valt på årsmøtet.

 

10. Kontingenten vert fastsett av årsmøtet og skal betalast kvart halvår. Ved spesielle høve kan betalingsratane delast meir opp. Betalinga skjer innan 20. februar og 1.oktober. Det er halv pris for skuleelevar, studentar og lærlingar. Årsmøte oppnemner to revisorar.

 

11.  Dirigenten er koret sin øvste musikalske leiar. Saman med noteutvalet bestemmer han/ho repertoaret. Kormedlemmane blir oppfordra til å komme med ønskje og framlegg. Dirigenten skal, etter tingingar med styret, ha ei årleg godtgjerdsle. Hjelpedirigenten er ”ventil” ved behov og får for dette ei årleg godtgjerdsle. Dei to har tett kontakt og utfyller kvarandre J

 

12.  Valnemnda består av tre personar. Ein i valnemnda er på val kvart år. Årsmøte vel leiar og dei to andre medlemmane. Leiar kallar inn til møte primo desember.

 

13. Blåturkomiteen består av fire personar. Årsmøte vel leiar og medlemmar. Leiar kallar inn til første møte primo april.