Korseminar med Peter Bom

Det var ei spent gjeng med koristar som møtte opp på Allhuset fredag kveld kl 18. Her vart vi møtt av ein kandelaber med tende lys og ein "pinne" på golvet i storsalen. Allereie då skjønte vi at dette skulle bli ei korhelg utanom det vanlege. 

På førehand var nokre av oss uroa for språket, men det viste seg å gå heilt fint. 

Peter festa mykje av innhaldet i helga til noko kalla "Earth Wisdom". Han meinte også at oppvarming ikkje handla om synging, men om å få varme i dei store musklane i kroppen. Teorien var då at dei skulle hjelpe dei minste musklane i kroppen. Det førte til alt frå aerobic-liknande øvingar, til yoga og endå til meditasjon. Med andre ord, ikkje vanleg oppvarming for oss. Det var stor einighet i koret om at dette var nyttig og artig.

Han utfordra oss også på nye måtar gjennom helga. Mellom anna måtte vi dele koret i to, og synge til den andre halvparten. Ikkje nok med at vi måtte synge, men vi måtte også gjere ulike ablegøyar undervegs. Det var nok til å vippe mange ut av "komfortsona". Det framkalte også mykje latter desse dagane. Vi er ikkje i tvil om at dette bidrog til å knyte oss endå sterkare saman som kor.