Konsert eikefjorddagane 13. august 2010

 Endeleg var dagen komen. Etter intense månader, helgar og dagar med øving, var vi klar til vise fram resultatet i vår tredje kyrkjekonsert under ED. Også denne gongen fylte vi kyrkjerommet, noko som alltid skapar ei heilt spesiell atmosfære.

I år var vi så heldige å få med oss ekstra mange musikarar.
Som "vanleg" utgjorde Laila Beathe Førde, Jarle Grotle og Steinar Karlsen vårt fantastiske "husband". 
 I tillegg fekk vi med oss Grete Berntzen (rektor på kultuskulen i Bremanger)
og Frøydis Grorud (mest kjent som saxofonist i prgrammet Beat for Beat).

Konserten fekk tittelen "Håp", og repertoaret bar preg av det.
Det er ikkje berre utanfrå vi finn talent. Koret hadde også mange eigne solistar i år.
Vi nemner: Per Christian Hanssen, Reidunn Halland Løkkebø, Kolbjørn Taklo,
Mona Ødegård Standal, Anne Grete Ramsdal, Dan Kåre Esp og Brigt Samdal.

 

   
Reidunn solist på "Ingen vei tilbake"               Grete Berntzen solist på "My Tribute"

  
Jarle Grotle leverer som vanleg på trekkspel       Laila B. song sin eigen "Slå mitt hjerte, slå"


Alle dei fem dyktige musikarane våre!