Julekonsert i Eikefjord kyrkje 2006

Søndag 17. desember heldt Koriander og Brandsøykoret julekonsert i Eikefjord kyrkje. Det vart ei stemningsfull stund for kora og forhåpentlegvis for publikum. Rundt 100 menneske hadde møtt opp for å få med seg konserten. Medan koret gjekk inn i kyrkja spelte Leszek Michalski "Gabriels Obo" av Mission på sopransaxofon.

 

Vi starta konserten med 3 fellesnummer:"Joy to the world", "Ding, dong merrily on high" og "Den store stjerna". Det er spennande å få synge i eit så stort kor, med personar du vanlegvis ikkje syng i lag med. Dirigent var Brigt Samdal. 

 

Koriander song denne kvelden: "Mitt hjerte alltid vanker", "Det kimer nu til julefest", "Det lyser i stille grender" og "Nå tennes tusen julelys" (Mona Standal solist på 1. vers). Med oss på piano hadde vi den unge og svært dyktige pianisten Andreas Taklo. Brigt framførte "O, Helga natt" med Andreas på piano. Det var nydeleg å høyre på, og gav nok mange frammøtte julestemning.

 

Deretter var det Brandsøykoret sin tur. Dei leverte vakker song og hadde tonefylgje av Kiril Miltchev på piano og Leszek Michalski på sopransaxofon. Dei song: "Halleluja" (Rune Ludvigsen og Kai Rønvåg som solistar), "Marys Boychild", Julenatt", "A merry Christmas", Jesus, joy of man desiring" og ein polsk song som vi ikkje kjenner namnet til. På denne songen hadde Magni Brandsøy skrive 3. vers på norsk.

 

Andreas leverte to vakre pianostykker til publikum denne kvelden. "Sonate i C" av Scarlatti og "Preludium i D" av Skrjabin. 

 

Vi var så heldige å få med oss Marit Høyvik som organist. Ho er dirigent for Steinhovdenkoret, som desverre ikkje kunne vere med oss i år.

 

Til slutt song vi "Kyrie eleison", "Det hev ei rose sprunge" og "Deilig er jorden" som fellesnummer.