Korsprell 25. november 2006

25.november presis klokka 19.30 braka det laust på Allhuset. Det var eit spent kor som skulle i aksjon og ei ikkje mindre spent korsprellgruppe. Mange timar hadde gått med til skriving, planlegging og øving.

 

Frå ei av øvingane.

Generalprøva hadde vi 4 timar før publikum kom, og det var nok ikkje alt som stemte like bra. Men som dei seier: Dårleg generalprøve, gjev god premiere. :-) Det stemte heldigvis denne gongen då alt gjekk etter planen. 

Tema for koret denne kvelden var 70-tals musikk. Vi framførte: "Trubbel", "Scarborough Fair", "Aquarius", "Nordaførr vårvise", "Sara på Solheim", "Goodbye yellow brick road", "Think", "Gud, hvor du er deilig", "Thank you for the music" og "The Flesh Failure" (Let the sun shine).

   

             Koret i aksjon                         Per Christian song Elton John                 Laila B. alias Rita Franklin

Når ein skal framføre eit slikt repertoar er ein avhengig av band. Og det hadde vi til gangs. Heile fem musikarar hadde vi med oss denne kvelden. Dei lyfta det heile mange hakk.

Kim Arin Schei(bass), Aleksander Vilnes(trommer), Steinar Karlsen(gitar), Laila Beathe Førde(sax/vokal), Jarle Grotle(tangentar)

Med så mange aktørar i sving må ein ha dyktige lydfolk. Då er Finn Åge Korneliussen og hans "makker" alltid gode å ha. :-)

Den raude tråden i årets "sprell" var "Skrikhågane radio". Jarle Storevik hadde teke på seg rolla som radiovert, noko han klarte med glans.

 Alle innslaga var basert på lokalt/kommunalt stoff, noko som gjorde at latteren nok satt ekstra laust.

                    

              Kolbjørn som Mølster, med ordføraren i tannlegestolen (Randi)                        Radioverten les "Berits draum".

   

Dan Kåre som erfaren prest.                    Mona og Brynhild som siamesiske tvillingar              Silje som ung og nyskapande prest

Presteaudition må til for a velje kva prest som skal bu i den "nye prestebustaden". Koret fungerte som jury.

        

"Sleggemannen" dukka også opp (Lars Terje)                     Sportsreporter Jostein                    Brynhild, Ingrid og Brigt syng "Byrevens vise"

    

Randi og Silje som snerpete SMS-tilsette.    Mona som lite velkomen kunde rett før stengetid.     Kolbjørn som "dør" i telefonkøa til SMS.

    

Magne "Zimmerman"                                  Audun syng "Rådmannsvise"                               Bilete talar for seg sjølv

   

           "Rita Franklin" med dør til dør aksjon    Hypnotisør Jarle(Audun) i samtale med Lars Terje           Brigt som Barbara (nydelig)

                         

                          Korsprellsjef Mona fekk villsauskinn frå                         Publikum gav oss ståande applaus. Det varma. :-)

                    Hamna med koristane og musikarane sin signatur.

Av dei ca. 125 betalande har vi berre fått positive tilbakemeldingar og ynskje om fleire korsprell. Det er veldig kjekt for oss alle når responsen er så god. Tusen takk til alle som møtte opp!

Det heile vart avrunda med pub, dansing og karaoke.

 

Mona og Dan Kåre opna karaoken med Bobbysocks sin slager "La det swinge"