Vellukka korseminar

19. - 21. oktober arrangerte Koriander seminar med Per Oddvar Hildre (PROTS). Det vart ei minnerik helg med mykje øving og ein flott konsert.

Vi møtte opp fredag kveld kl. 18 til fyrste økt med øving, og heldt på til kl. 21. Alle øvingane var på Eikefjord barne- og ungdomsskule. Her hadde vi laga til med kaker og kaffi til alle deltakarane.

 

Laurdag starta vi øvinga kl 10, og hadde ein velfortent lunsjpause frå 13 til 14.30. Då samla vi oss på Allhuset der vi fekk servert gryte. Nokre nytta resten av pausa til å gå på shopping i Eikefjord, medan andre tok turen attende til skulen for å slappe av med dagens aviser.

 

Klokka 18 var vi komne gjennom programmet og kunne reise heim og lade opp til neste dag med meir øving og konsert.

 

Søndag møttes vi i Florø kyrkje kl 13. No skulle siste finpussen gjerast unna, og arbeidet med å plassere ca. 100 koristar tok tid. I tillegg skulle musikarar og lydmenn rigge seg til. Så det vart hektiske timar og minuttar for å kome i mål til konsertstart.

 

3 minutt på halv seks fekk dei 200 frammøtte endeleg sleppe inn i kyrkja, og det var nok ikkje fritt for at billettseljar Lars Terje Standal løyste svetten. Men alle kom seg inn, og ca. eit kvarter forseinka kunne konserten byrja.

 Bilete er henta frå Firdaposten si papirutgåve.

I løpet av helga hadde vi lært inn ni songar, og i fylgje PROTS hadde vi dermed brutt den magiske grensa som ligg på 8. Det gjekk heldigvis bra, og konserten vart ei flott avslutting for deltakarane på seminaret. Vi håpar at opplevinga vart fin for dei frammøtte også.

Til slutt takka leiaren vår, Audun Solheim, musikarar, lydmenn og sjølvsagt Per Oddvar Hildre. Samstundes opplyste han om at Koriander har tinga PROTS attende til Eikefjord i oktober 2009.

Vi gler oss!!!

Stor takk til Safari Engros som gav gratis frukt til alle koristane heile helga.