Korpub 17. mars 2007

 

For andre gong har Koriander avvikla ein vellukka korpub. Konseptet der dei tre kora: Jomentum, Koriander og Brandsøykoret set kvarandre stemne, ser ut til å kunne bli ein tradisjon. Deltakarane var berre lutter smil og glede, og gjennomgangstonen var udelt positiv - utruleg moro.

 

 

Fyrst ut av dei tre kora var Jomentum som song ”Oh freedom” og ein Chess-medley. Det var ei vakker framføring.

 

  

 

Neste kor var Brandsøykoret som var noko redusert i tal medlemmar, men som likevel leverte velklingande korsong.

 

  

 

Siste bolk med korsong var det Koriander som stod for. Vi hadde henta fram ”The Flesh Failure”(betre kjend som :Let the sun shine.) og ”Goodbye yellow brick road”  som vi hadde på Korsprellet i fjor haust. Per Christian Hanssen var vår solist på denne Elton John låta, og klarte seg med glans, sjølv med sår hals! Dei to andre songane ”Vårsøg” og ”Java Jive” hadde vi øvd inn til denne kvelden.

 

  

 

Elles var det fleire som var fram og song på eige initiativ.

 

 

Nina Langedal og Aileen Miiltchev framførte m.a "The Rose" Vakkert!

 

Også i år var det stor påmelding til karaoken.

          

    Kai Rønvåg og Nina Langedal                     Eva Ramsdal og Inger Johanne Sørbø

 

Etter hard konkurranse, vart Per Christian Hanssen frå Koriander og Aileen Miiltchev frå Brandsøykoret kåra til vinnarar av EM i Karaoke 2007 

         

Per Christian                                                        Aileen

 

Folk dansa og kosa seg ut i dei små timar.

   

 

   

 

    

 

Vi vil også få takke dei to ”Kjell Magnane” (Ødegård og Stubhaug) som sporty stilte opp som bartendarar og gjorde ein glimrande jobb:-)

 

    

Stubhaug                                                                           Ødegård