Korpub 2009 

Laurdag 28. mars inviterte Koriander for fjerde gong til korpub på Allhuset. Tradisjonen tru, var Jomentum og Brandsøykoret på plass. Svelgen Songlag var også inviterte, men kunne diverre ikkje kome.

      

Kvelden starta med song frå dei tre kora. Fyrst ut var Koriander med ”The lion sleeps tonight”, ”Vals på Ängön”, "Breaking up is hard to do” og ”Have you got religion”. Tusen takk til Lisbeth, som leverte flott akkompagnement denne kvelden.

 

 

Neste kor ut var Brandsøykoret som var få og utan dirigent. Dei song "Put on a show", "When I`m 64" og avslutta med "Imagine". Dette var ein liten smakebit frå "Can you Imagine", konserten som dei skulle ha i lag med Flora-Bremanger brassband søndag 26. april. Flott levert!

 

 

Jomentum fekk æra av å avslutte korbolken. Dei song "Good night sweetheart", "Sång til friheten" og...? Jomentum var også utan sin faste dirigent, men hadde skaffa seg ein god vikar.

 

 

Aileen, Nina og Kiril framførte tre songar for oss denne kvelden. Som alltid flott å høyre på!

 

Til slutt var det klart for EM i karaoke 2009. Her var det mange ivrige sjeler som entra podiet. Enkelte fleire gonger enn andreJ hehe Det var hard konkurranse og som vanleg ei vanskeleg oppgåve for juryen.

 

 

               Helen frå Brandsøykoret                                                Asgeir                                 Kolbjørn                          Dan Kåre

 

Dei klarte heldigvis å oppnå semje og kåra Helen frå Brandsøykoret og "dei tre tenorar" (Kolbjørn, Asgeir og Dan Kåre) frå Koriander til verdige EM-meisterar.

 

Alle bilete: Laila Anita Schønhardt