Korpub 26. april 2008

 

Laurdag inviterte Koriander for tredje gong til korpub på Allhuset. Tradisjonen tru, var Jomentum og Brandsøykoret på plass. Svelgen Songlag var også inviterte, men kunne diverre ikkje kome.

 

     

 Pubvertinne Ingrid hadde full kontroll på arrangementet!

 

Kvelden starta med song frå dei tre kora. Fyrst ut var Koriander med ”Trickle, trickle”, ”Hei huskum i hei”, All I have to do is dream” og ”Tenne på musikk”.

  

     

 Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)

 

Ein febersjuk dirigent gav alt!

Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)

 

Vi var nøgde med kveldens opptreden, men etter oppvarminga måtte karane i Koriander møte dirigent Brigt Samdal på dagavdelinga for "straffeøving". Det var vellukka. :-)

 

     

Godt jobba, karar!!

 

 

Jomentum tok over ”stafettpinnen” og framførte ”Laurdagskveld”, ”Gabriellas sång” med Kristin Orre som solist, "Georgia" og ”You`ll never walk alone”. Den vekte nok blanda kjensler i publikum, då dette er Liverpool sin songJ

 

     

                                                                                      Solist Kristin Orre

                                                                                       Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)

 

Dirigent Siv Førde i aksjon

 Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)

 

Brandsøykoret fekk æra av å avslutte korsongen. Dei framførte tre nummer frå ”Sound of musicals” som dei sette opp i vinter. Her var Kai Rønvåg solist på "Any dream will do" og "Love changes everything". Dei avslutta med den alltid fengande låta ”Fame”.

 

     

                                                                                      Solist Kai Rønvåg

                                                                                                                    Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)

 

Nina og Aileen frå Brandsøykoret song duett, og var som alltid dyktige.

 

 

Kai song ”Desperado” med Pia på piano. Flott!

 

Jomentum, med Sonja, Truls og Gunn i spissen, hadde også eit morosamt innslag med ein prest frå USA og ein billig oversettar frå øyane. Det gav trim til magemusklane blant publikum.

 

 

 Gunn og Sonja i aksjon

 

So var det duka for ”kortspel” i Allhuset.

 

   

"Er det sånn vi skal spele??"                                   Tøffare koristar finn du ikkje!!

 

 Her kunne ein kjøpe kort og vinne flotte premiar som vi hadde fått frå:

 

Spar Eikefjord

Frisørbua

Eikefjord Elektro

Eikefjord Rør

AnnSolei Blomster

Eikefjord Grendalag

SFE

Havhesten

Sparebanken Sogn og Fjordane

TrygVesta

Møbelringen

IndustriEnergi

Ungdomskulen (bandet)

MX Sport

Atema

Elisabeth Solheim

BB Gruppen

 

Tusen takk skal de ha! J

 

Til slutt var det klart for EM i karaoke 2008. Her var det mange ivrige sjeler som entra podiet. Enkelte fleire gonger enn andreJ hehe Det var hard konkurranse og ei vanskeleg oppgåve for juryen som måtte trå til på kort varsel.

 

    

                 Anne Grethe og Laila gav alt til toner av ABBA              Ungdommen var også å sjå på scena

 

Dei klarte heldigvis å oppnå semje og kåra Truls og Nina til verdige EM-meisterar.

 

                                  

               EM-vinnar Truls overbeviste juryen                   Det gjorde også EM-vinnar Nina        

   

Dei fekk med seg kvar si T-skjorte og ein gratis billett til Koriander sin kyrkjekonsert under Eikefjorddagane i august. Gratulerer.

 

     

Nye dirigentar står klar om det skulle røyne på i Koriander. :-)

 

    

                       Say cheese!!                                        Intenst lyttande Koriander-medlemmer.

                                                                                         Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)

 

    

Både unge og litt eldre hadde teke turen til Allhuset. Applaus fekk vi også. 

Foto: Dag Frøyen (Firdaposten)