Korkafeen til Jomentum 13. mai 2006 

  13. mai var Koriander invitert som gjestekor på Jomentum sin årvisse korkafe. Det takka vi sjølvsagt ja til. Det vart ein flott ettermiddag med underhaldning, kaffi og kaker, loddsalg og allsong. Barnekoret til Jomentum opna konserten med eit utval av Prøysen-låtar. Dei var utkledde for høve og framførte: "I bakvendtland", "Humpetitten", "Teddybjørnens vise", "Du skal få ein dag i måra"  og "Lauvåsen" Til slutt inviterte dei publikum til å synge med på "Sønnavindsvalsen". Det var eit friskt og sjarmerande innslag. Neste kor ut var Koriander. Denne dagen var vi ein smule "skadeskutt" då mange ikkje hadde høve til å stille. Vi framførte: "Kvila ved denne bekken", "No livnar det i lundar", "Gud, hvor du er deilig!" og "Trickle Trickle". Det heile vart ei god oppleving for koristane. Til slutt song Jomentum fem songar: "Oh freedom", "Sana sanania", "Slipp mine fløyter fri!", "Sång til friheten" og "Bæ, bæ lille lam" i lag med Barnekoret og publikum. Det heile vart avslutta med trekning av premiar.

          

                           Jomentum sitt barnekor                                                                      Jomentum

 

Jomentum og barnekoret syng "Bæ, bæ lille lam. Framme ser vi pianist Askjell.