Kyrkjekonsert Eikefjorddagane 2006

Koriander var i år så heldige å få arrangere kyrkjekonserten under Eikefjorddagane. Dette var noko vi gleidde oss stort til! Når vi i tillegg hadde fått med oss tre svært dyktige musikarar og vår eigen dirigent som solist, skulle alt ligge til rette for ein minneverdig konsertkveld:-) Etter mange timar med øving var endeleg kvelden der. Vi troppa opp i kyrkja kl 17, klare til generalprøve. Som vanleg var det litt å pirke på, men det seiast at ein skal ha ei dårleg generalprøve for å få ei god premiere. 

Det stemte heldigvis denne gongen. Rett før klokka 20 kom vi fram til kyrkja og fekk oss ei gledeleg overrasking: Kyrkja var stappfull!:-)

           

Vi gjekk i prosesjon inn i kyrkja og stilte opp medan vi song "Dona Nobis". Deretter framførte vi "Wonderful world" med Laila Beathe Førde som solist på fyrste verset.

                          

Så song koret "Amazing Grace" med Dan Kåre Esp og Laila Beathe som solistar på kvar sitt vers

og Kolbjørn Taklo på fiolin. 

           

Då tok koret ei pause og Brigt Samdal framførte "Så skimrande var aldri havet" og "Bridge over troubled water". Dette var både vart og mektig på ein gong! 

          

Når koret kom tilbake framførte vi "Brudemarsj" og "I himmelen, i himmelen". På begge desse var Kolbjørn Taklo med på fiolin.

           

Deretter hadde koret ei lengre pause. Fyrste innslag etter "I, himmelen" var "Himmelskip". Ein instrumental melodi laga av Reiersrud og Kleive. Det var Jarle Grotle på kyrkjeorgel og Steinar Karlsen på el-gitar som framførte denne frå galleriet. Det var nydelig å høyre på, kanskje betre enn originalen:-)

Brigt Samdal tok så over med "Min tankes tanke ene du er vorden". Vakkert!!

 

Så var turen komen til Ole Bjørn Rukan med "Kajsas udde". Flott Ole Bjørn!!

No var det klart for Brigt igjen, denne gongen med "Wie mein Ahnl zwanzig Jahr"

Neste melodi ut var "Je Je" framført av Laila Beathe og Steinar. Her drog dei med seg publikum på både knipsing og synging. Utruleg artig!!

 

"He ain`t heavy, he`s my brother" var neste nummer på programmet. Dette var ei flott tolking,Brigt!!

            

Så kom siste bolken med korsong. Fyrste song ut var "Amen". Deretter kora vi når Brigt song "You raise me up". Vi avslutta konserten med "Trickle, trickle".

Etter konserten vart det delt ut roser og blomar til musikarar, solistar, leiaren i Koriander og lydmann. Odd Stubbhaug, som denne kvelden hadde rolla som leiar i Kultur i oppvekstutvalet, sa nokre velvalde ord til koret og musikarane. Han delte og ut ein bukett til Brigt som takk frå kommunen.

           

Vi hadde også sjølvaste Fornyingsministeren, Heidi Grande Røys, som tilhøyrar under konserten. Ho hadde tidlegare på dagen lagt ned grunnsteinen til servicehuset og opna ED 2006.

Elles må det seiast at responsen frå publikum var heilt utruleg! Konserten hadde ikkje vorte den same utan eit så entusiastisk publikum:-) Koriander vil også nytte høvet til å takke musikarar og lydmann for eit fantastisk samarbeid. Dei løfta konserten mange hakk.  

Foto: Dag Frøyen og Odd Asle Endestad