Julekonsert 2007

Laurdag 22. desember arrangerte Koriander julekonsert i Eikefjord kyrkje. 

Vi ville i år lage ein julekonsert med lokale aktørar, og inviterte med oss barnekoret, skulemusikken, Kristian Havn, Andreas Taklo og Lisbeth Hovland. 

Ca. 130 personar hadde funne vegen til kyrkja denne kvelden. Overskotet frå konserten vart på ca. 10 000 kr, som skal gå til nytt piano i kyrkja. Vi oppmodar også andre om å støtte dette arbeidet, då pianoet som står der i dag er modent for utskifting!!

 

  

Koriander takkar alle som var med på å gjere dette til ei flott oppleving, og håpar på eit godt samarbeid også i framtida. :-)