Koriander på filmmusikkhelg

 

29. og 30. mars var vi med på konsert i regi av S & Fj. symfoniorkester. Dei hadde invitert med seg mange aktørar til desse to dagane.

 

Deltakarar i Bremanger var Bremanger musikklag, Bremanger barnekor, Svelgen songlag, Bremanger kammerkor, Koriander, Brandsøykoret, Jomentum og Kinn kyrkjekor.

 

Kora i Flora hadde leigd felles båt og buss for å kome oss til og frå Bremanger. Det var ein glad gjeng som sette seg på båten kl 8.30 laurdags morgon.

 

 

Kaptein Jon Langedal ser til at vi kjem oss trygt inn på bussen i Smørhamn.

 

 

Blide damer på båttur.

 

 

                               Nervøs Ragnar?? :-)                            Randi har forvilla seg inn i tenor og bassrekka.

 

 

              Brandsøykoret har funne seg godt til rette.                           Møte i husmorlaget?? :-)

 

Vi tilbrakte mesteparten av dagen med øving, eting, venting og innslag av trim.:-)

 

 

              Randi "trutmunn" Solheim i kjend stil.                                Godt med mat!

 

  

 

  

 

  

 

 

"Uten mat og drikke, duger koristene ikke"

 

 

Tidtrøytte, eller dagens trim??? Stilen er i allefall upåklageleg! :-)

 

Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves...

 

Så var endeleg klokka blitt 18, og det var tid for konsert. Det var mange som hadde funne vegen til fleirbrukshallen i Bremanger denne kvelden.

 

Publikum med ståande applaus!

 

Vi var med på "Broen over Kwai", "Disney-medley" og "Gabriellas sång". Med ca. 80 koristar og Grete Berntzen si nydelege stemme må nok "Gabriellas sång" seiast å vere høgdepunktet for oss.

 

 

 

 

 

 

(Bileta er tekne av Annbjørg Hauge Nygård, Firdaposten)

 

 

Elles leverte Bremanger musikklag to flotte nummer i starten, før Sogn og Fjordane symfoniorkester overtok.

 

 

Delar av Bremanger musikklag og S & Fj. symfoniorkester

(Bileta er tekne av Annbjørg Hauge Nygård, Firdaposten)

 

Symfoniorkesteret, med dirigent Helge Haukås, var ei oppleving for både oss deltakarar og publikum, og avsluttingsnummeret, "Bolero", sette eit verdig punktum for konserten.

 

 

               Dirigent og konferansier Helge Haukås                     Solistar og dirigentar mottek gåve.

(Bileta er tekne av Annbjørg Hauge Nygård, Firdaposten)

 

Etter ein lang dag var det ein nøgd, om enn litt trøtt, gjeng som sette seg på bussen til Smørhamn. Der skulle båten hente oss, men den var ingen stad å sjå!! Heldigvis kom både båt og mannskap nokre minutt etterpå for å skysse oss trygt attende til Florø.

 

 

            Var det denne båten som skulle hente oss?                      Ei "lysfontene" legg til kai. :-)

 

Søndag var det klart for konsert i Florø. Her deltok Florø hornmusikk, Florø barnegospel, barnekor frå 4. trinn ved Florø barneskole og alle vaksenkora som var med i Bremanger.

 

 Ein nesten fullsett kinosal i Flora samfunnshus fekk sjå og høyre Florø Hornmusikk spele to flotte nummer i starten av konserten. Elles var programmet som i Bremanger. I Florø var det Kristin Schau som var solist på "Gabriellas sång". Ho gjorde ein flott figur.

 

Ser du alle dei kjende ansikta? :-)

 

Det er alltid nokre som stikk seg meir fram enn andre når det er kamera i sikte. :-)

Er det reint tilfeldig at det er tenorane, eller ???

 

     

 

Her ser vi ein kvinneleg korist på tur... Flittig? :-)