Blåtur 2007

Laurdag 16. juni reiste Koriander på blåtur. Som seg hør og bør, var det kun arr. komitèen som visste kva som skulle skje. På førehand hadde alle fått beskjed om å ta med seg 17. mai-sløyfe, stort sjal og redningsvest.

3 av 5 i arrangementkomitèen (Dan Kåre, Mona og Gro).  Silje og Ulf (Uffe) var også i denne komitèen.

Oppmøte vart sett til kl. 15 på Allhuset. Her vart koristane delt inn i 5 arbeidsgrupper, som fekk ulike oppgåver dei skulle utføre til kl. 16.30. Alle fekk også utdelt kvar si "Eg reiser åleine" - mappe. Den inneheldt songar, blyant, papir, Ifa, Samarin, piperensarar i ulike fargar og eit skjema som skulle fyllast ut med viktige opplysningar i tilfelle nokon skulle forsvinne frå gruppa;-)

 

To av arbeidsgruppene i gang med dikting av song. Nokre tok strandpromenaden i bruk.

3 av gruppene fekk i oppdrag å dikte ein sang, 1 gruppe skulle lage fane og 1 skulle lage eit drill-program. Gruppene visste ikkje om kva oppdrag dei andre hadde fått. 16.30 fekk partnarane komme og alle møttest på Allhuset. Også partnarane fekk utdelt "Eg reiser åleine"-mappe.

 

                Fanegruppa hadde gjort ein strålande jobb på 1 og 1/2 time!!          "Norge i rødt, hvitt og blått" før avgang.

Her vart alle stilt opp til tog, med flagg og- fanebærarar. Før avgang song vi "Norge i rødt, hvitt og blått". 

 Toget snart framme ved skulen.

Koret marsjerte til skulen der ei ny overrasking venta: Magedansinstruktør!! Her kom sjala til nytte:-)Med knallvær og ein innetemperatur på nærare 30 grader, låg forholda til rette for sydlandsk dans. Det var mange hofter som fekk prøve seg på heller uvante rørsle, men instruktøren meinte vi var ein flink gjeng. :-) 

Instruktøren (Esma) skapte god stemning i gymsalen.

Herifrå gjekk turen til busshaldeplassen der gjengen fekk påfyll av væske i form av punsj. Så starta ein heller lang busstur med Asbjørn Sørdal som trygg bussjåfør.

 

Koret song av full hals til jubilanten :-) Vi håpar det fall i smak...

Turen gjekk sørover og spørsmål og tips hagla fort i bussen. Fyrste "lurestopp" vart lagt til Høydalane grendahus. Og snakk om flaks! Her dumpa vi borti eit 60 års lag. Det såg difor ut som det var tillaga for oss, med to store grillar og drikke og glas fint plassert på borda. Sidan vi fyrst stoppe tok vi like godt ein song for jubilanten før vi entra bussen igjen for vidare ferd.

Koret song 3 songar på kaia i Stavang

Neste stopp vart Stavang. Her traff vi Anders Haave og folk fekk beskjed om å ta med seg redningsavestane før dei forlot bussen. Men det var nok heller ikkje her festen skulle vere. Men vi fekk opptrådt også her for turistar og andre besøkande før vi for tredje gong måtte inn igjen i bussen. Ei god tids køyring seinare nådde vi endemålet: Redal grendahus.

Her stod Gro og venta på oss, med eit flott koldtbord. Skjenkestyrar vart valt for kvart bord, og dei hadde i oppgåve å sørge for at alle ved bordet hadde det bra.

Når alle hadde ete godt og fått is med heimelaga sjokoladesaus var det tid for framføring av gruppearbeida. Her hadde koristane jobba godt, og latteren satt laust i salen. Den framføringa som likevel vekte mest latter og løye, var nok drillgruppa si framføring. Marthe, Leif og Inger Karin hadde laga til eit flott drillprogram som nok var kveldens vinnar!!

Ei imponerande framføring av denne drill-trioen.

Heretter var det dans og prat til lang ut i dei små nattetimar. Ca. ein time etter planen tok bussen oss den lange turen heimover. Det var ein sliten men blid gjeng som gjekk av bussen denne flotte sommarnatta:-)

Vi gler oss allereie til neste blåtur!!