Blåtur for Koriander

 Laurdag 17. juni møtte 30 spente koristar opp på Allhuset vårt kl. 16.00. Før den tid hadde mange tydlegvis teke oppfordringa frå komiteen på alvor. Det var mange kreative frisyrer og hovudplagg å sjå denne dagen. Koret sin eigen frisør, Eva, hadde opna salongen for dei som ville "fikse" litt på frisyra. Det vart ei artig stund. Med ulike parykkar, laushår, farge og anna tilbehør, var det ikkje til å unngå at forbipasserande såg litt ekstra etter oss. :-)

       

       

         

       

 

Kl. 16.00 var alle samla til "briefing". Vi fekk då beskjed om at vi skulle delta på ein kort varlsa dugnad i bygda. Sidan vi ikkje visste dette på førehand, hadde blåturkomiteen ordna med det vi trengte av utstyr. Det var penn og papir. Vi vart delt inn i 5 arbeidslag og fekk i oppdrag å finne oss ein plass å vere under dugnaden. Vi skulle lage eit underhaldningsbidrag til kvelden. Kl. 19.00 presis måtte vi vere tilbake på Allhuset for å få meir informasjon. 

 

      

      

      

Vel tilbake møtte vi våre "betre halvdelar", som hadde fått lov til å vere med resten av kvelden. Her fekk vi velkomstdrink, før ein diger buss svinga opp for å hente oss. Det vart mykje spekulering på kor vi skulle, ettersom bussen hadde ei lita avledningsmanøver. Vi enda opp i grendahuset i Svardalen, der god mat og drikke vart servert. Utover kvelden vart resultatet av dagens dugnad presentert. Det var nok mange magemusklar som fekk trim under denne seansen.:-)

      

      

Leiaren heldt tale og etterpå var Inger Johanne "ventilen" Sørbø på stolen med stev.

      

Gruppe 1 framførte: "Bygdedyrets død"

                                  

Gruppe 2

      

 

             Gruppe 3         

Gruppe 4

       

 

Gruppe 5 framførte eit finsk-inspirert fjernsynsteater:-)

 

Blåturkomiteen delte også ut gåver til dirigentane og nokre av kormedlemmane. Resten av kvelden var det dans og mykje god prat, før bussen henta oss trygt heim til oss sjølve.

      

      

 

Tusen takk til blåturkomiteen som laga ein minnerik kveld for oss!:-)