Kortur til Beitostølen                                  

 

Fredag 4. mai kl 16.00 var det avreise frå Eikefjord. Dei fleste kom rett frå ein travel arbeidsdag, utan at det la noko dempar på humøret! Vi hadde fått laga fine songhefter(Ljodahått) som var flittig i bruk under turen.

 

 

Strålande reisevær fekk vi, og ein hyggeleg og flink bussjåfør. 

  

 

Enkelte var meir ivrige på å verte fotografert enn andre;-)

   

 

Eit etterlengta stopp på turen!!

                   

 

I Lærdal hadde vi ny pause for å strekke på beina og handle litt.

   

 Alt låg til rette for ei triveleg helg på Bjørndalen hytta.J

   

 

  

 

Eit flott treningsrom var der også, men trur dette var mest til ære for fotografen.

     

Vi var vel framme i halv ti tida om kvelden.

Romplassering og kjøkkenvakter var sett opp før avreise, noko som viste seg å fungere godt.Mesteparten av fredagskvelden gjekk med til å kome seg i orden på romma, og få seg eit måltid mat. Men også tid til sosialt samvær.

             

 

Laurdagsmorgon var det frukostservering frå 08.30 -09.45.Frå kl.10.00 -13.00 var det øving på 17.mai repertoaret. Dirigent Samdal var ”meget imponert” då alle koristane sat pent på plass klar til øving, og klokka var enno ikkje meir enn kvart på 10!!!

   

Etter øvingsøkta var det tid for lunsj.Her vart det servert ein utruleg god pastasalat med kvitløksbrød til.Lunsjgruppa fekk mykje ros for den.

 

Frå 14.00-16.00 hadde vi ”storfri”,der dei fleste nytta høve til ein tur til sentrum.Nokon for å shoppe litt,andre kosa seg på Peppe`s utestad i sola.

   

Frå 16.00- ca.19.00 var det tid for ny økt med øving.Mesteparten av tida gjekk til finpussing av syttande mai songane, men vi fekk også starta på den krevjande Chili Concarne.Her har vi mykje godt arbeid føre oss. J Etter ein lang dag med øving,såg vi fram til ein god middag med noko attåt. Igjen eit velsmakande måltid, med noko for ein kvar smak. Ser ut som  vi har mange flinke matlagarar i koret!

Denne kvelden var vi lova ”korquiz”, og her fekk dei ulike laga bryne seg.

 

Deltakarane på det vinnande laget fekk kvar sine diplom med teksten:”Det skarpaste hovudet i koret”!! Då "Raggen" trua med å levere inn protest på resultatet av quiz`en var Berit rask med å lage eit trøstediplom. (Beste dårlege tapar) :-)  

Mykje song,latter,dans og god prat til eit godt stykke ut på natta. Det vart mellom anna oppretta ei heilt ny dansegruppe denne kvelden: "Brøyt X 20". DJ Audun sørga for dansemusikken i surround.

 

Tross det var vi klar for frukost til rett tid, og ny øvingsøkt frå 11.00-ca 13.00. Då var det tid for rydding, pakking og ikkje minst skriving i gjesteboka. Denne seansen kunne nesten minne om noko anna... :-)

 

 I to tida var vi klar for heimreise. På vegen heim tok vi eit "pizza-stopp" i Sogndal. Det var godt for svoltne magar.

 

Ei utruleg kjekk og nyttig ”øvings-og bli betre kjend helg.”

Det ryktast at neste kortur går utanlands. Portugal er då nemd J

Og tar vi ikkje mykje feil, var det nok her ideen vart utklekka:-)