Årsmøte 2010

 Nok eit korår er over og det var tid for årsmøte i Koriander. Vi kom til eit flott dekka bord og fekk servert både kaffi, brus, frukt og snittar!

Leiaren ynskte velkomen, og koret opna årsmøtet med ein nylært afrikansk song. Etter at innkalling og dagsorden var godkjent, vart Lars Terje Standal vald som møteleiar. Han takka for tilliten og likte godt å få vere "dirigent" i Koriander for ein dag.

Etter dei innleiande formalitetane var det tid for å ta eit tilbakeblikk på året som har gått. Det vart oppsummert av styret på ein god måte i årsmeldinga. Årsmeldinga for 2009 kan du lese her. 

Når ein er ferdig med tilbakeblikk og etterpåklokskap, er tida komen for å sjå framover. Styret leverte framlegg til aktivitetsplan for 2010. Den vart samrøystes vedteken, med nokre endringar og vedtak om destinasjon og tidspunkt for øvingshelg. Vi reiser til Bakkevik brygge i Bremanger. 

Aktivitetsplanen for 2010 finn du her. 

For å få til eit vellukka korår, er ein avhengig av dedikerte menn og kvinner som legg ned ein ekstra innsats for koret. Tre av styremedlemmene stod ikkje på val. Ingrid stod på val og valde å takke for seg i styret etter flott innsats sidan koret starta. Ho vart takka av årsmøtet med varm applaus. Aud tok attval for 1 år. Nytt styremedlem vart Irene Havn som er vald for to år. Det er vi veldig glade for! 

Resultatet av dei ulike vala finn du her og her.

I tillegg valde vi ein turkomitè som skal ha eit ekstra ansvar i samband med helgeturen i juni. Dei som fekk denne kjekke oppgåva var Anne Grethe, Inger Karin, Dan Kåre og Atle. 

Koriander vil nytte høvet til å takke alle som har støtta opp om koret og aktiviteten vår i 2009.