Årsmelding 2009

 

Godt folk!

 

Ja, tidi ho renn som elv mot os…, og nok ein gong er det duka for årsmøte i koret vårt. Sist det skjedde var den 26.01.09 så vi er om lag i rute.

 

Også i år kan vi sjå attende på eit kjekt kor-år med mange fine opplevingar, både på øving og under konsertar. Og no er det endeleg vitskapleg bevist – ein blir smartare av å synge i kor. Ta det til dykk! Sjølv om Lisbeth sikkert har sine tvil – av og tilJ Lisbeth, ja. Du kom inn som eit friskt pust og den reddande engel, etter at vår trufaste dirigent gjennom mange år – Brigt, fann tida moden til å ta ein velfortent pust i bakken.

 

Aktiviteten i fjoråret har vore jamt god sjølv om det ikkje kan samanliknast med dei åra vi har konsert på Eikefjorddagane. Då føler vel alle eit ekstra forventningspress. Styret har hatt 8 møter inkl. fellesmøte med noteutvalet og elles har aktiviteten vore slik.:

 

28.mars hadde vi vår tradisjonelle kor-pub der Jomentum og Brandsøykoret var gjester. Svelgen songlag var ei stund aktuelle, men måtte takke nei i siste liten. Stemninga var god og med nytt, digitalisert karaokeopplegg, fekk vi betre grep om avviklinga av EM i karaoke. På spinnesida gjekk Helen frå Brandsøykoret av med sigeren, men ingen kunne måle seg med våre eigne tre tenorar Dan Kåre, Asgeir og Kolbjørn. Dei song om ”livets glade gutter” med både stor patos og ethos og mykje meir. Det var konge! som den yngre garde utrykkjer det.

 

17. mai tok vi bunaden på og var på nytt nasjonalistiske både i og utanfor kyrkja. Veret var godt og toget langt.

 

Så skulle vi ha vore på tur til Hovden, men vêrgudane var ikkje heilt i godlune så etter ein del fram og tilbake vart turen utsett på ubestemt tid. Men vi har ikkje gitt opp tanken om ein tur vest i havet.

 

Solbrune og oppglødde møtte vi til øving 17.august. Då var Lisbeth på plass og vi starta øvinga til kor-kafeen som vart avvikla 25.oktober.

 

Den store tilskipinga var Hildreseminaret 13 – 15 november. Vi vart noko færre deltakarar enn vi hadde håpa på, men dei om lag 80 songarane gav veldig gode tilbakemeldingar og konserten ”Juleknask med Prots” samla 260 tilhøyrarar. Vi song til vi spydde og då kan ingen forlange meir. Smittevernlege Svoen kunne roe oss med at det berre er sunt å ta seg skikkeleg ut, ein gong i blant. I alle høve var publikum veldig godt nøgde der dei for smånynnande heim att i vinterkvelden.

 

Koret har etter kvart skapt nokre tradisjonar. Julekonserten siste søndag før jul er ein av desse. No måtte vi, av praktiske grunnar legge denne til laurdag den 19.desember, men til neste år er vi tilbake med søndagskonsert. Denne gongen kunne vi dessutan dra litt vekslar på prostsseminaret og mellom anna ”Tre kongar frå Bolivia” gjorde stor lykke. Koret hausta gode tilbakemeldingar både for klang, utstråling og harmoniJ

 

I haust kom Reidun attende frå permisjon. Og Torbjørn slo lag med oss etter nokre år i utlegd. I tillegg har Eli og Eva funne tilbake songforma etter eit halvår i dvale. Svært gledeleg! Rekrutteringa er ikkje voldsom stor, men vi var utruleg glade for at Irene ville dele den vakre røysta si med oss.

 

No er det berre å brette opp ermane, spytte i nevane og sikte mot 13.august. Då er det nok ein gong KONSERT!

 

Lukke til med eit fabelaktivt songår!

 

Styret