Årsmelding Koriander 2008

 

Vyrde songfuglar!

 

Nok ein gong sit vi samla for å sjå attende på året vi har lagt bak oss. Kan hende nådde vi ikkje alle måla vi sette oss, men kjekt har vi hatt det saman og glede har vi spreidd til ein stadig veksande skare av tilhøyrarar. Ikkje alt går som planlagt, men koret har vist stor evne til omstilling når planane våre måtte endrast.

 

Året starta svært sosialt med festleg samvære laurdag 26. januar. Ei triveleg stund, med hugnad både for tann og tunge.

 

9. februar starta vi oppatt med pubquiz og hadde 2 quizar før vi let Nærleiken overta konseptet.

 

29. og 30. mars deltok koret på Sogn og Fjordane symfoniorkester sin filmmusikk-konsert i Bremanger og Florø. Det vart ei hektisk helg, men vi møtte mange trivlege songvener og alt i alt var vel opplevinga verdt innsatsen.

 

Korpuben 26. april vart nok ein gong ei hyggjestund med gjester frå Florø. Svelgen Songlag var også inviterte, men fekk diverre ikkje høve til å delta.

 

Tradisjonen tru, hylla vi vårt dyre fedreland den 17.mai. Dette var også fyrste året vi gjekk under eiga fane i borgartoget.

 

Høgdepunktet i 2008 må vel seiast å vere øvingshelga/turen til Værlandet. For mange var det første gong dei kunne oppleve denne naturperla yst mot havet. Og ingen drog skuffa heim. Trass i beinhard øving, var det berre smilefjes kvar du enn snudde deg. Einaste gongen tårene kom fram var då Anne Grete debuterte med Gabriellas song og Olaug drog til med forte-fortissimo på Dreams to remember. Ei sterk emosjonell oppleving. Ei stor takk til Jarle, Laila og Steinar som var med oss og gjorde opplevinga komplett. Få kor kan skilte med så dyktige musikkrefter før, under og etter konsertane J Ei stor takk til vår gromme reiseleiar, altmuligmann og ”grupies” Lars Terje. Nei, det blir som Olav H. Hauge seier det: ”Kven spør om leia når ein har slik ein vind…” Så får det våge seg at vi missa på songarstemne i Florø. Ein kan ikkje få med seg alt her i verda.

 

Konserten på eikefjorddagane nådde nye høgder denne gongen. Og kven skulle trudd det var mogeleg. Programmet var tett og velkomponert og både kor, dirigent, musikarar og solistar innfridde stort. Det er både hektisk og litt travelt å halde konsert i heimbygda, men du verden så mykje glede det skapar og tilbakemeldingane varmar.

Sjølvaste kultursjefen var tilstades under konserten på eikefjorddagane, og inviterte oss til å framføre eit utdrag av konserten på feiring av internasjonal dag i Florø 25. oktober. Det sa vi sjølvsagt ja til! Det var nok uvant for koret å synge i eit rom som kinosalen i Flora samfunnshus, men tilbakemeldingane var gode, og då må vi vel seie oss nøgde. Ekstra imponerte vart vi av Olaug som nesten kom rett frå føden og til Florø for å synge med oss.

 

Når vi skulle samle koristar og musikarar denne helga, fann vi ut at vi burde nytte høvet til å framføre konserten i si heilheit ein gong til. Etter litt kluss enda vi opp med Florø kyrkje søndag 26. oktober. Vi kunne nok tenkt oss litt meir publikum, men var godt nøgde med eigen innsats.

 

Hausten vart noko prega av mangel på arrangement. Planen var å gjere eit kjempespennande prosjekt i samarbeid med ”Demolition Crew” (Battery) under korsprellet som vi hadde planlagt å avvikle 1. november. Vår gode kontakt Rolf Jacob Vedvik i Måløy, fekk hendene fulla av sild og makrell og dermed stod vi fast. Men Eilif Vårdal har hatt eit par samlingar med ungdommane og dei er framleis tente på å gjere noko saman med oss.

 

Julekonserten i kyrkja markerte slutten på aktiviteten dette året. Vi kunne registrere meir folk og tilbakemeldingane var gode. Men kanskje skal Brigt få ha O’helga natt i fred, utan tonefølgje. Det gjer seg kanskje best J

 

Noteutvalet har hatt 4 møter og styret har hatt 7. Vi takkar for positiv velvilje og samarbeid i året som gjekk. Takk til dirigent og ventil. De inspirerar oss alle, og vi gler oss til eit nytt spennande korist-år J

 

 

Eikefjord 25.01.09

 

Styret