Årsmelding 2006

 

Styret har dette arbeidsåret vore samansett slik:

 

Leiar:                            Audun Solheim

Kasserar:                      Lidvin Øyra

Skrivar:                        Borghild Ø. Standal

Matreialforvalter:        Ingrid Opdøl

Styremedlem:               Elisabeth Solheim

 

 

Koriander har hatt tysdagar som faste øvingskveldar på Allhuset. Koret tel no 36 medlemmar. 12 sopranar-12 altar-6 tenorar og 6 bassar. Styret har hatt 9 møter i 2006. Tre av desse saman med noteutvalet, pluss evalueringsmøte med korsprellgruppa.

Brigt har vore dirigent for koret, med god assistanse av Inger Johanne.

 

Fyrste opptreden for Koriander dette året var konsert i lag med Olav Stedje, 14 januar i Eikefjord kyrkje. Ei fin oppleving for koret, og etter omtala også for publikum. Vi avslutta denne kvelden på Allhuset med god heimelaga mat. Inger Karin overraska med eit morosamt innslag, der ho ynskte ”Malawi-fararane” velkomne heim.

 

Årsmøte vart avvikla 7 februar. Audun gjekk på igjen som leiar,Ingrid som materialforvalter og Lidvin som kasserar. Elisabeth og Borghild var ikkje på val. Valnemda: Asgeir, Siv og Ulf.

 

26 mars var vi inviterte som gjestekor til Brandsøykoret sin korkafe.

 

5 april stilte vi opp på Krokane Sanitetslag sitt arrangement i Florø kyrkje.

 

13 mai var vi inviterte som gjestekor til Jomentum sin korkafe i Flora samfunnshus.

 

Fire dagar seinare , 17 mai, song vi på skuleplassen og deretter i kyrkja.

 

Den 20 mai var det klart for vår eigen” nyskaping”: Korpub. Her hadde vi invitert Jomentum og Brandsøykoret som gjestekor. Dette vart eit vellukka arrangement. Kora deltok med korsong og sketsjar.Koriander hadde laga karaokepermar og cd-ar. Det var stor pågang for å få delta på karaoken, og folk svinga seg på dansegulvet.Til dette arrangementet hadde vi ordna med buss til gjestekora, noko som dei sette stor pris på.

11 juni hadde vi vår fyrste øving med musikarane til konserten vi skulle ha på Eikefjorddagane.

 

17 juni var det tid for Blåtur.Her hadde komiteen gjort ein framifrå jobb.Det vart ein dag/kveld/natt som vi ser tilbake på med glede.Mykje moro, god mat og drikke.

 

20 juni var siste opptreden før vi gjekk til ferie. Vi song for dei eldre på Omsorgstunet.

 

Ferien i -06 vart noko avkorta, då vi hadde teke på oss å ha kyrkjekonserten på Eikefjorddagane. Vi starta oppatt 1august, og hadde ekstra øvingar 2 - 13 og 17 aug. Fredag 18 aug. kl.17.00 var det generalprøve. Den var vel slik generalprøvane skal vere: at ikkje alt var på plass! Kl 20.00 starta konserten i nydeleg sommarvær, og med ei fullstappa kyrkje. Denne konserten må vel kunne seiast å vere høgdepunktet for koret i året 2006. Omtala blandt publikum og i pressa var udelt positiv. Mykje av æra går og til dei dyktige solistane og musikarane.

 

5 september fekk vi det ærefulle oppdraget å synge på kongeleg festkveld i Flora samfunnshus, i samband med kronprinsparet sitt besøk. Her framførte vi”Sommerfuggel i vinterland” med Gro og Brigt som solistar. Vi hadde og med oss Arne Sunnarvik(piano), Eilef Vårdal(gitar) og Laila Beathe Førde(sax). Etter opptreden fekk alle handhelse på kronprinsparet, og nokre fekk også ein liten prat med dei. Eit spesielt oppdrag, som vi som kor mest sannsynleg opplever berre ein gong.

 

Resten av september, oktober og november var det øving til Korsprell som vi hadde bestemt skulle vere 25. november. Tema for koret var 60/70 tals musikk. Til dette arrangementet hadde vi leigt inn fem musikarar.Jarle Grotle(tangentar)- Steinar Karlsen(gitar)- Kim Arin Schei(bass)- Aleksander Vilnes(tromme)- og Laila Beathe Førde(sax/vokal).Vi hadde også med oss Finn Åge Korneliussen på lyd. Korsprellgruppa hadde mange møter med tenking, skriving og øving. Koret hadde fleire ekstaøvingar, med eit utfordrande repertoar. Kl 19.30 den 25 nov. braka det laust. Allhuset var ikkje fylt til randa, men responsen frå dei som var der var veldig god. Mange ytra ynskje om at dette måtte verte ei årleg opptreden, og var imponerte over kva vi fekk til som kor. Etter ”sprellet” var det pub og karaoke.

 

17 desember var det klart for Julekonsert i Eikefjord kyrkje saman med Brandsøykoret. Kora hadde opptreden kvar for seg, og felles. Med oss på denne konserten hadde vi Andreas Taklo på piano og Marit Høyvik på orgel. Andreas Taklo framførte også to vakre klassiske stykker. Brigt song ”Julsång”, betre kjend som ”O,helga natt”, nydeleg som vanleg. Mona debuterte som solist på 1. vers av ”Nå tennes tusen julelys”. Solistar frå Brandsøykoret var Kai Rønvåg og Rune Ludvigsen med ”Hallelujah”. Vi fylte ikkje kyrkja denne kvelden som vi gjorde på Eikefjorddagane, ca 100 personar med smått og stort. Men med kyrkjekonsert i Naustdal og søndagsopne butikkar både i Florø og Førde, må vi kanskje seie oss nøgde med frammøte.

 

I ei hektisk førjulstid vart det ikkje lagt opp til noko juleavlutting for koret. Det bør vi kanskje gjere noko med til neste år.

 

Av ei ekstra lang årsmelding går det fram at Koriander har hatt eit kanskje hektisk, men spanande og utfordrande år. J

 

 

 

Borghild Ø.Standal                                         Audun Solheim

 

 

       -skrivar-                                                           -leiar-