Årsmøte 2011

 Nok eit korår er over og det var tid for årsmøte i Koriander. Vi kom til eit flott dekka bord og fekk servert både kaffi, brus, frukt og snittar!

Leiaren ynskte velkomen, og koret opna årsmøtet med den nylærte "The beauty way". Etter at innkalling og dagsorden var godkjent, vart Brigt Samdal vald som møteleiar.

Etter dei innleiande formalitetane var det tid for å ta eit tilbakeblikk på året som har gått. Det vart oppsummert av styret på ein god måte i årsmeldinga. Årsmeldinga for 2010 kan du lese her. 

Når ein er ferdig med tilbakeblikk og etterpåklokskap, er tida komen for å sjå framover. Styret leverte framlegg til aktivitetsplan for 2011. Den vart samrøystes vedteken, med nokre endringar. Nytt av året er at koret skal arrangere pubquiz igjen. Grunnen er at Nærleiken no diverre stengjer dørene.

Aktivitetsplanen for 2011 finn du her. 

For å få til eit vellukka korår, er ein avhengig av dedikerte menn og kvinner som legg ned ein ekstra innsats for koret. Fire av styremedlemmene stod på val. Alle valde å takke for seg i styret etter flott innsats i mange år. Dei vart takka av årsmøtet med varm applaus. Ny leiar for Koriander er Mona Ødegård Standal. Ho får med seg Anne Grete Ramsdal, Laila Øren og Kolbjørn Taklo i styret. I tillegg er Irene Havn "attlevande" i styret. Vi ynskjer det nye styret lukke til.

Resultatet av dei ulike vala finn du her og her.

I tillegg valde vi ein turkomitè som mellom anna skal ha eit ekstra ansvar med å sjekke ut ulike alternativ for utanlandstur. Dei skal legge fram arbeidet sitt for koret innan 31 mars. Dei som fekk denne kjekke oppgåva var Reidunn, Unni, Gunnar og Atle. 

Koriander vil nytte høvet til å takke alle som har støtta opp om koret og aktiviteten vår i 2010.