Øvingshelg på Værlandet Gjesteheim 6.-8. juni 2008

Fredag 6 juni kl 17.15 var det avreise frå Eikefjord. Vi samla oss i bilane og køyrde til Askvoll.

 

Ser ut som Silje var den einaste som fann fram!

 

Derifrå var det ein nydeleg ferjetur på 55 min. til Værlandet. Nokre av oss grua seg til ferjereisa, men vi fekk eit strålande reisevèr.

 

     

     Alden "Den norske hest"                                             Nokre tlbrakte overfarten på dekk.

 

     

    "For fulle segl" og "med sus i serken"                          Her var det berre å halde godt fast i veska!

 

     

              Tre blide altar:-)                                                 Kryssordløysing og bileteframvising

 

     

                        Sopranar og altar i skjønn foreining                                                Laila og gutta boys!

 

     

                      Vi tok halvparten av bordplassen ombord                                 Mor (med nyfjerna gips) og datter

 

     

                          Randi med "smiley" på baken

 

Frå kaia til Værlandet Gjesteheim var det ein fin spasertur på ca. 2 km.

 

Anne Grete, Laila og Eli på veg til Værlandet Gjesteheim

 

    

Endeleg framme på øya                                                       Skiltet ved gamleskulen

 

På Gjesteheimen vart vi mottekne av ei smilande Elin som viste oss rundt på huset, og gav oss litt praktisk informasjon. Varene vi hadde bestilt på Joker Værlandet var komt på plass på kjøkkenet med  helsing om at det var berre å ta kontakt om det var noko vi mangla. God servise!

 

    

                                 Her både sov, åt og øvde vi!                                                                  Klara

 

På førehand hadde vi plassert liggeplassane til dei enkelte. Vi hadde 4 rom + ein stor sovesal. Karane fekk romma, og vi damene innkvarterte oss på sovesalen. Alle var vel litt spent på kor mykje søvn det kunne bli med så mange rundt seg. Snorking… og kanskje nokre ekstra seine nattevandrarar?? Noko utrangla var vi nok etter helga, men moro var det lell!

 

    

                          Unni viser fram sovesal 5 (damerommet)                                    Silje og Randi skal re sengar

 

                                                              Olaug les om "hvordan fjerne poser under øynene"

 

     

                                             Julius Cæsar??                                                            Eikefjords eiga "Fru Blom"

 

For kormedlemmane gjekk fredagskvelden med til kveldsmat, oppreiing av sengar og sosialt samvær. Musikarane hadde øving på loftet nokre timar etter maten.

 

    

Kjøkkengjengen fredags kveld                                               Kveldsmaten er servert!

 

     

Her må det ommøblerast!!!

 

     

Etter kveldsmaten var det masse tid til sosial aktivitet:-)

 

     

 

     

 

                                                               Korianders svar på Kong Harald og Dronning Sonja

 

Laurdagsmorgon var det frukost frå kl 08.30 til 09.45.

 

      

Frukost er alltid ein god start på dagen!

 

Tre spreke sopranar starta dagen med eit bad i vatnet bak skulen. Det var visst forfriskande!

 

     

Mona og Silje klar for morgenbading. Brynhild vart også med.

 

 

 

Så vart matsalen rydda om til øvingslokal. Frå 10.00 til 11.30 øvde koret og musikarane kvar for seg. Etterpå samlast vi til fellesøving. Å få tonefylje av dyktige musikarar til songane, er ei like god oppleving kvar gong!

Vi er heldige som har fått med oss ”musikane våre”, Jarle, Steinar og Laila Beathe!!

 

    

"Oppvarming er viktig for å kunne holde ut og synge skikkelig i kor!"

 

     

         Audun slit med ryggen og var stadig å observere i rare positurar!           Helge på sin fyrste tur med Koriander

 

     

No er alvoret i gang!!

 

     

                                       Liv fylgjer intenst med!                                      Andre konkurrerar om vakraste sommarbein!

 

 Skal du Ragnar også vere solist??

 

Utover ettermiddagen skulle også solistane våre prøve seg. Det vart ei sterk øvingsøkt kjenslemessig. Olaug fortalte historia bak teksten til sin eigen song, ”Dreams to remember”. Det gav songen ein ny dimensjon, og mange av oss sleit med tårene under koringa. Nydeleg song, Olaug!

 

Olaug hadde også sin fyrste tur med Koriander

 

Laila Beathe har laga songen ”Bak neste sving” spesielt til konserten vår. Her skal vi synge på bremangersk, noko som fell naturleg for enkelte, og utfordrande for andre.  Ein både vakker og stiiiiilig låt. Flott Laila! Vår gode styreleiar har fått solistrolla på ”Oh, Happy day”, dette vert knall, Audun! Dirigent Brigt er vår andre gospelsolist med ”Lean on me”.Oj!!det vert så bra! På Værlandet fann vi ”vår eiga Gabriella”. Anne Grete stilte sporty opp som solist, utan å ha fått førebu seg. Ho imponerte oss alle med si vakre og vare stemme, og ikkje minst: TRØKK!!  Ikkje mindre tårer etter denne seansen. Kjempeflott levert, Anne Grete!! Vi har tru på at dette vert ein flott konsert, og om vi skal sei det sjølv, så har publikum mykje å gle seg til. For vi har endå fleire solistar på lur, som ikkje hadde høve til å vere med oss på øvingshelg!

 

Vi fekk ein god og velfortent lunsj midt på dagen. Lunsjgruppa serverte den alltid gode pastasalaten til Laila:-)  I løpet av denne timen var det og rom for å finne fram borna i seg!! Leike, leike:-)

 

    

Båten "Klara" har fått nytt mannskap ved roret:-) 

 

Strålande vèr og vindstille på Værlandet

 

    

                       Atle i aksjon med eit LITT for kort hoppetau              Lars kjøpte badminton til koret. Dette er vel ikkje vanleg bruk??

 

Kl 18.00 var laurdagsøvinga over. Då reiste Jarle til Florø på speleoppdrag med Spik Adel. Alle utanom ”middagsgruppa” hadde no fri.

 

    

Det er stygt å peike!!                                                              Ingrid "modell" Opdøl

 

      

To flotte koristar i godt strok:-)

 

     

                               Randi, Inger og Olaug før middag

 

           

                                              Dei fleste samla ute før middag                             Borghild og Aud

 

Nokre tok seg ein liten lur, andre gjekk på tur. Kl 20.00 var vi samla til eit godt måltid Taco.

 

    

                                            Ragnar kosar seg med maten         Klar med kjevla om nokon skulle forsyne seg for mykje

 

     

                                 Nei, Helge, ikkje alt på ein gong!!                              Det var mange ivrige "Paparazziar på plass

 

     

 Ikkje ta for mykje Siv!!                                                  Folk var godt nøgde med maten

 

     

Praten gjekk godt rundt middagsbordet

 

       

 

       

 

     

                  Liv og Steinar målar krefter med Laila som dommar                             "Schååll Von Schneider"

 

     

Noko i veien med synet, Dan Kåret??                                   Kan eg friste med ei øl, Anne Grete?

 

     

                                            Unni slappar av etter middagen             Har du valt kjole etter bordduken, Mona??

 

     

Ulf og Kolbjørn i godt humør                                                     Brigt song for maten

 

    

                                                                       "Jag har planer för den här kören!"                                                

 

    

   Eli i gang med oppvasken                          Atle har fått på seg bossekk-forkle

 

Etter maten hadde Ragnar (frå turkomiteen som opprinneleg var 4) fått med seg Silje, Mona, Steinar og Laila Beathe som gode hjelparar til underhaldning og leik.

 

     

Steinar og Laila klar med Beat for Beat                                  Silje og Mona arrangerte konkurransar

 

Her gjekk det til tider hardt føre seg. Enkelte kormedlemmar har eit større konkuranseinnstinkt enn andre, og kvir seg ikkje på å braute seg fram. Vi skal ikkje nemne namn, Inger og Dan Kåre, men stakkars lisje Liv!

 

    

                                                Henteleiken!                                             "Viss ikkje du sluttar no trur ej ej knallja åt!"

 

     

                          Stor jubel for poeng hos "Team Dan Kåre"                              Litt nedtrykt stemning hos "Team Liv"

 

Ryktet seier at 2 brillepar rauk med under denne seansen!!

 

Gisle Børge Styve (Steinar), Nagel Dahl (Laila B) og Ivar Dyrhaug (Silje) hadde ansvar for ”Beat for Beat”.

Dei hadde si ”fulle hyre” med å halde orden på kven som til ei kvar tid hadde rett song. Her igjen var vel enkelte meir pågåande og ivrige enn andre….Borghild, Inger,Aud og Mona??? At juryen klarte å kåre dei ulike vinnarane, er meir enn imponerande!

 

     

Her har dei visst funne tonen

 

    

                                 Er det "en lille and med vinge"?                                                   Kolbjørn med fela

 

Takk til Ragnar som hadde kjøpt inn vinflasker til premie.

 

 

Som seg hør og bør, når ein har med seg frisør, er hårstyling også på programmet:-)

 

    

Brigt hadde fått matchande skjorte og hårfarge

 

    

                            Ulf med stige på hovudet?                                                Laila og Dan Kåre med kvite striper

 

     

 

 

          

                                                         "Kom i kostervals"                     Nokre farga håret, andre farga barten

 

          

Skikkeleg dreis på moppen                      Leif var fornøgd med helga

 

Korianders nye professor

 

    

"Dans, dans, dans oppå bordet"                                        Atle sjekka brannsikkerheita før natta

 

Søndag er ikkje nokon "kviledag" når Koriander er på tur. Vi hadde øving frå kl 10.00 til kl 14.00, og deretter opprydding og pakking. Nokre reiste til Bulandet for å sjå den fantastiske naturen. Kl. 16.15 var alle komne ombord i ferja som skulle frakte oss attende til Askvoll. Nokre betrakteleg trøttare enn andre. :-)

 

    

Kortur er slitsamme greier!!

 

    

Ikkje alle var like prega av for lite søvn :-)