17. mai 2007

Tradisjonen tru, song Koriander også i år under 17. mai-arrangementet i Eikefjord. I kyrkja song vi fyrst "Symra". Deretter song vi "Mot soleglad". Det var fyrste gongen vi framførte denne songen som var nydeleg arrangert av Geir Åge Hovland. Her hadde vi også tre solistar frå koret som vi er stolte av: Ingrid Opdøl, Inger Johanne Sørbø og Kolbjørn Taklo. Til slutt song vi "Fagert er landet".

        

          Vi var heldigvis nesten fullt kor i kyrkja. Då treng vi ein del benkar og stolar.

Etter rømmegraut, barneleikar og mykje god prat, stilte vi opp og song på skuleplassen før tala for dagen. Her song vi "Gud, signe Noregs land" og "Millom bakkar og berg".

 

Bilete er henta frå www.eikefjord.net

Vi gjekk deretter i samla flokk under folketoget kl. 16. Vi vart einige om at vi til neste år må bere ei eiga fane i toget.

Ivirige kormedlemmar jublar og syng i folketoget. Kanskje har vi eiga fane neste år?

Nokre kormedlemmar hadde andre oppdrag denne dagen. Her er "Raggen" flaggberar.